Kva heiter den lengste fjorden i Noreg?
Sognefjorden
Kva år fekk Noreg si eiga grunnlov på Eidsvoll?
1814
Kva heiter høgtida då kristne feirar at Jesus stod opp frå dei døde?
Påske
Kor mange minutt varer ein vanleg fotballkamp i ordinær tid, utan tilleggstid?
90 minutt
Kva artist gav ut hitlåten «Espresso» i 2024?
Sabrina Carpenter
Kva er aldersgrensa for å ta førarkort for vanleg personbil i Noreg?
18
Kvar starta første verdskrig?
Østerrike (Østerrike-Ungarn)
Kva heiter grunnleggjaren av buddhismen?
Siddhartha Gautama (Buddha)
Kva land vann fotball-VM for menn i 2018?
Frankrike
Kva heiter skodespelaren som spelar Spider-Man i filmane i Marvel Cinematic Universe frå 2016?
Tom Holland
Kva heiter fylket der både Førde og Sogndal ligg?
Vestland
Kva heitte den politiske og økonomiske rivaliseringa mellom USA og Sovjetunionen etter andre verdskrigen?
Den kalde krigen
Kva heiter den jødiske høgtida som minnest israelittane si utvandring frå Egypt?
Pesach
Kva italienske klubb spelar vanlegvis heimekampane sine på San Siro, ein stadion dei deler med byrivalen sin?
AC Milan og Inter
Kva artist gav ut albumet «Astroworld» i 2018?
Travis Scott
Kva er skilnaden på bruttoinntekt og nettoinntekt?
Bruttoinntekt er inntekta før skatt, medan nettoinntekt er det ein sit att med etter skatt.
Kva år fekk kvinner i Noreg allmenn røysterett ved stortingsval?
1913
Kva heiter den heilage byen som er viktig for både jødedommen, kristendommen og islam?
Jerusalem
Kva to lag spelte i EM-2016 Finalen?
Portugal og Frankrike
Kven var featura på Kanye West sin song Homecoming?
Chris Martin
Kva heiter avtalen som gjer at norske borgarar kan reise fritt mellom Noreg og mange andre europeiske land utan vanleg grensekontroll?
Schengen-avtalen
Kva fredsavtale frå 1919 la mykje av ansvaret for første verdskrigen på Tyskland og kravde store erstatningar frå landet?
Versaillestraktaten
Kva omgrep i hinduismen viser til handlingane dine og korleis dei påverkar framtidige konsekvensar og gjenføding?
Karma
Kva klubb slo Bayern München i Champions League-finalen i 2012, etter at finalen enda 1–1 og gjekk til straffesparkkonkurranse?
Chelsea
Kva heiter regissøren til filmane Interstellar og Oppenheimer.
Christopher Nolan