Kva kallar vi personen som sender eit bodskap?
Avsendar
Kva kom først, radio eller TV?
Radio
Kva slags medium er Facebook og Snapchat døme på?
Sosiale medium
Kva kallar vi retten til å uttrykkje meiningane våre fritt?
Ytringsfridom
Kor mange sekund er det i fem minutt minus 60 sekund?
240
Kva kallar vi personen som tek imot eit bodskap?
Mottakar
Eit år som var viktig for utviklinga av avisene. Same år Noreg fekk grunnlov.
1814
Kva for ein teknologisk gjenstand blir omtala som dominerande blant unge?
Smarttelefonen
Kva kallar vi teoriar om skjulte samansverjingar?
Konspirasjonsteoriar
Spania vant VM i fotball for herrer i sommar. Kva nasjon slo dei i finalen?
Argentina
Kva kallar vi symbol som blir brukte i digital kommunikasjon for å uttrykkje kjensler?
Emojiar
Kva oppfinninf på 1400-talet gjorde det lettare å spreie bøker og informasjon?
Boktrykkjarkunsten
Kva pandemi førte til meir digital samhandling?
Koronapandemien
Kva kallar vi media sin funksjon når dei granskar makthavarane?
Vaktbikkjefunksjonen
Kva mur forbind ein med Checkpoint Charlie?
Berlinmuren
To former for kommunikasjon blir nemnde i læreboka: personleg kommunikasjon og ...?
Massekommunikasjon
Kva to medium hadde NRK monopol på i Noreg?
Radio og TV
Kva kallar vi det når fleire tenester og organisasjonar går over til digitale løysingar?
Digitalisering
Kva kallar vi funksjonen der media spreiar nyhende og informasjon til befolkninga?
Folkeopplysning
Kva nøtt blir brukt til å lage marsipan?
Mandel
Kva kallar vi medium som formidlar informasjon til mange menneske på éin gong?
Massemedium
Kva kalla vi aviser som var tett knytte til politiske parti?
Partipressa
Kva heiter systema som påverkar kva innhald vi får sjå i sosiale medium?
Algoritmar
Kva kallar vi eit nettmiljø der folk stort sett møter meiningar dei allereie er einige i?
Ekkokammer
Kva spesiell dag blei Christopher fødd?
Langfredag (5. april, 1996)