Individ og samfunn
Innvandring
Personleg økonomi
Sosial ulikskap
Har du følgd med i dag?
100

Ein deler gjerne sosialisering inn i to ulike omgrep. Desse er..?

Primær- og sekundærsosialisering

100

Kva er dei tre største innvandrargruppene i Noreg? (De må ha rett på to)

Polen, Litauen, Sverige

100

Kva står akronymet BSU for?

Bustadsparing for ungdom

100

Kva er eit gode? 

Varer og tenester som tilfredsstiller eit behov - noko me ynskjer og vil ha

100

Kva er eit anna namn på økonomisk stønad?

Sosialhjelp

200

Eit anna ord for nedskrivne lover er?

Formelle normer

200

Arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa gjorde eit stort hopp midt på 2000-talet. Kvifor?

På grunn av EØS-avtalen

200

Kor stor eigenkapital må ein ha for å kunne kjøpa bustad?

15 prosent

200

Kva er sosial mobilitet?

Sosial mobilitet vil seia å bevega seg på den sosiale rangstigen, som oftast oppover, men det kan og vera nedover. 

200

Kva står AAP for?

Arbeidsavklaringspengar

300

Kva kallar ein prosessen der religion får mindre å seia i livet til menneska og i samfunnslivet?

Sekularisering

300

Kor mange prosent av den norske befolkninga var innvandrarar ved inngangen til 2022? (+/- 2 prosentpoeng)

15 prosent

300

Kva er den nedre grensa for å kunne ta seg betalt arbeid i Noreg?

13 år

300

Kva er eit anna ord for arbeidsløysetrygd?

Dagpengar

300

Kva er det lengste du kan få sjukepengar frå staten?

1 år

400

Kva er funksjonstapping?

At familien mistar mange av dei tradisjonelle oppgåvene (funksjonane) i overgangen frå storfamilie til kjernefamilie

400

Kva er introduksjonsprogrammet?

Eit kurs for innvandrarar som gjev norskopplæring, arbeidstrening og kunnskap om det norske samfunnet

400

Kva er grensa for frikort i Noreg i 2022?

65 000 kroner

400

Eit viktig prinsipp i velferdsstaten er universalisme. Kva tyder det?

At innbyggjarane har like rettar til velferdsgoda

400

Eit grunnleggjande prinsipp i det norske samfunnet er at arbeid er eit gode og skal vera det naturlege fyrstevalet for alle borgarar. Kva kallar ein dette?

Arbeidslinja

500

Kva kallar ein prosessen der ein person tileignar seg normer, haldninger, verdiar og gjer dei gyldige for seg sjølv

Internalisering

500

Kor mange prosent av Bømlo si befolkning har innvandrarbakgrunn (innvandrarar + norskfødde med innvandrarforeldre)? (+/- 2 prosentpoeng)

12,1 prosent

500

Kor mykje får elevar på VG1 studiespesialisering i utstyrsstipend? (+/- 30 kroner)

1118 kroner

500

Kva tid vart Lånekassen oppretta? (+/- 5 år)

1947

500

Kva tre grupper er mest utsette for langtidsarbeidsløyse?

Eldre arbeidstakarar, unge med låg utdanning og innvandrarar

M
e
n
u