Kva heiter ei blanding av esel og hest?
Muldyr
Kor er det lågaste punktet i verda (med luft over)?
Dødehavet
Kva er Noregs eldste parti?
Venstre
Kva film som avsluttar ein lang serie filmar hadde première på norske kinoar 18. desember?
I kva lagsport speler ein på den største banen?
Polo
Sant eller usant: Elefanter kan ikkje hoppe
Sant
Kva er det høgaste punktet i Afrika?
Kilimanjaro, Tanzania
Kva årstal skjedde atomulykka i Tsjernobyl, Ukraina?
1986
Kva er den mest sette filmen på norske kinoar i 2019?
Løvenes konge
Kva er den tyngste vekta nokon gong løfta av eit menneske?
2,850 kg (Paul Anderson i 1985)
Kor mange isbjørnar finst det i verda?
20 000–25 000
I kva land har det vore flest skogbrannar i 2019?
Brasil
Kven var den første generalsekretæren i FN?
Trygve Lie
Kva sang er dette (oversatt av google translate):
Himmel fra helvete
Blå himmel fra smerter
Kan du fortelle et grønt felt
Fra en kald stålskinne?
Et smil fra et slør?
Tror du at du kan fortelle?
Wish you were here (Pink Floyd)
Kor mange land i verda finst det som er omringa av bare eitt anna land?
3: Lesotho (omringa av Sør-Afrika), San Marino og Vatikanstaten (omringa av Italia
Kvar i kroppen sit glandula thyroidea?
Halsen
Kor langt er det frå Stavanger til Istanbul? (målt i km, etter det google maps oppgir som raskaste kjørerute)
3362
I kva by blei John F. Kennedy drept?
Dallas (1963)
Kvar kjem den norske artisten Sigrid frå?
Ålesund
Kva strekning er den lengste samanhengande flyreisa i verda?
Singapore til New York
Kva er ein Wunderpus?
Ein blekksprut
I det landet i verda som har yngst befolkning er 50.12% under 15 år. Kva land er dette?
Niger
Kva land mista størst prosentandel av befolkninga si i løpet av 1. verdenskrig?
Det Ottomanske riket (17.98% - 20.08%)
Innanfor kva stilart blir komponisten Johann Sebastian Bach plassert?
Barokken
Kva heitte olje- og energiministeren fram til 18. desember då Sylvi Listhaug overtok?
Kjell Børge Freiberg