Kva økonomisk krise i 1929 påverka verdsøkonomien og bidrog til nazismen si framvekst?
Børskrakket i USA.
Kva dato kapitulerte Tyskland, og krigen i Europa var over?
8. mai
Kva folkegruppe var hovudmålet for nazistane sitt folkemord?
Jødane
Kven var landa som var med i aksemaktene?
Tyskland, Italia, Japan
Kva byar i Japan blei bomba med atombomber i 1945?
Nagasaki og Hiroshima
Kva traktat frå 1919 (WWI) skapte stor misnøye i Tyskland og la grunnlaget for Hitler si maktovertaking?
Versaillestraktaten
Kva slag i 1940 hindra Tyskland i å invadere Storbritannia?
Slaget om Storbritannia
Kva var Nürnberg-lovane?
Det var namnet på dei raselovane som tok frå jødane rettane sine i 1935?
Kva var dei tre viktigaste landa som var med i dei allierte?
Storbritannia, Sovjetunionen og USA
Kva organisasjon blei oppretta etter krigen for å sikre fred og samarbeid mellom land?
FN (forente nasjonar)
Kva land invaderte Tyskland i september 1939, noko som starta den andre verdskrigen?
Polen
Kva slag i 1942–43 var eit vendepunkt på austfronten?
Slaget ved Stalingrad
Kva var i Auschwitz under WWII?
Det var den største utryddingsleiren nazistane bygde. Gjennom krigen døydde over 1 million jødar i denne leiren aleine.
Kva land blei delt i fire okkupasjonssoner etter krigen?
Tyskland
Kva to nye statar blei danna då Tyskland blei delt etter krigen?
Vest-Tyskland og Aust-Tyskland
Kva to ideologiar stod i sterk motsetnad til kvarandre? (Hint: Tyskland og Sovjetunionen)
Nazismen og kommunismen
Kva var kodenamnet for den allierte invasjonen av Normandie i 1944?
D-dagen (Operasjon Overlord)
Kva metode brukte nazistane i utryddingsleirane for å drepe flest mogleg på kort tid?
Gasskammer
Kva amerikansk president tok avgjerda om å bruke atombomber mot Japan?
Harry S. Truman
Kva kallar me krigen mellom USA og Sovjetunionen som prega verda etter den andre verdskrigen?
Den kalde krigen
Kva avtale inngjekk Tyskland og Sovjetunionen i 1939 for å unngå konflikt seg imellom?
Molotov–Ribbentrop-pakten (ikkjeangrepsavtalen)
Kva land vart angripne av Tyskland den 9. april 1940?
Noreg
Kva andre grupper enn jødane blei systematisk forfølgde og drepne under Holocaust?
Sigøynarar, kommunistar, funksjonshemma, homofile, sovjetiske krigsfangar
Kva land fekk dei største territoriale vinningane etter krigen og blei ein supermakt saman med USA?
Sovjetunionen
Kva tidlegare kolonimakter mista mange av koloniane sine som følgje av krigen?
Storbritannia og Frankrike