Forklar forskjellen på CRISPR og CRISPO.
CRISPR er ein genteknologisk metode, mens CRISPO er ein sjokolade.
Rett svar: 100 poeng.
Feil svar: -500 poeng
Er påstanden nedanfor rett eller gal:
Utslepp av klimagassar bidrar til svekka ozonlag
Feil
Rett svar: 100 poeng
Feil svar: Alle andre får 200 poeng
Korleis er DNA bygd opp?

Kva er forskjellen på ein næringskjede og eit næringsnett?
Næringskjede er ei rett rekke med dyr som et kvarandre.
Næringsnett er eit meir komplekst bilete. Viser fleire næringskjedar i ein modell.
Nevn eit døme på ei uorganisk miljøgift
Kvikksølv, bly, kadmium, arsen...
Forklar "in vitro fertilisering".
Befruktning utanfor kroppen. Ein tar ut ei eggcelle og befruktar den i ei petriskål (utanfor kroppen). Lar deretter cella dele seg, og sett den inn i livmora igjen.
Nevn tre klimagassar.
Karbondioksid, vatn, metan, lystgass
Kva er forskjellen på terapeutisk og reproduktiv kloning?
Terapeutisk kloning: Kloner (stam)-celler.
Reproduktiv kloning: Lagar eit nytt individ med nøyaktig same genom som eit anna individ.
Nevn tre hovudtypar samspel
Bytte-forbrukar, konkurranse og symbiose
Nevn eit døme på ei organisk miljøgift
Dioksin, PCB, DDT...
Kva står GMO for?
Gen modifiserte organismar
Forklar korleis artar endrar seg over tid. Altså kva er det som driv evoulusjonen av artar.
Variasjon og naturleg utval
Nevn tre ting som gen-testar og DNA-profilar kan brukast til.
Politi-etterforsking, sjekke for sjukdommar, sjekke for slektskap, farskapstestar, identifikasjon, for moro skyld
Kva er bereevne?
Kva vil det seie at noko akkumulerer?
At noko oppkonsentrerer seg/samlar seg på ein plass.
Kva er bioteknologi
Ein brukar levande celler til å lage produkt.
Kva er drivhuseffekten
Klimagassar i atmosfæren held langbølga stråling inne i jordatmosfæren, og held dermed jorda varm. Gjennomsnittstemperaturen hadde vore mykje lågare på jorda utan drivhuseffekten
Forklar korleis ein gjekk fram når ein klona sauen Dolly
Ein tok ein cellekjerne frå ei kroppscelle frå sauen du vil klone, og sett den inn i ei eggcelle frå ein annan sau. Ein lar cella dele seg, og sett den inn i ein surogat-sau.
Nevn tre biotiske faktorar i ein skog.
Alt levande som ein finn i ein skog. Til dømes Rev, bjørk og fluesopp.
Rett svar: Dobblar poenga dykkar
Feil svar: halverer poenga dykkar.
Kor mange nøytron har 20080Hg?
120 nøytron
Rett svar: De får velje mellom å få 600 poeng, eller at alle andre gruppene mistar 200 poeng
Feil svar: De mistar 600 poeng og dei andre gruppene får 200 poeng.
Forklar korleis CRISPR-metoden kan endre arvestoffet til ein organisme
G-RNA viser kor enzymet CAS-9 skal klippe. Deretter kan ein tilsette fjerne eller legge til gen, og cella reparerer arvestoffet sjølv.
Kva er forskjellen på drivhuseffekten og global oppvarming?
Drivhuseffekten er ein naturleg prosess som alltid har vore til stades på jorda, og som held jorda varm. Sidan 1800-tallet har menneskeleg aktivitet ført til mykje støre mengder av CO2 i atmosfæren, som fører til auka drivhuseffekt, og dermed auka temperaturar på jorda.
Forklar proteinsyntesa
DNA --> m-RNA --> Ribosom --> t-RNA + aminosyrer --> protein
Rett svar: 1000 poeng eller alle andre mistar 500 poeng
Feil svar: -500 poeng og dei andre får 300 poeng
Omtrent kor mykje av energien forsvinn når ein går opp eit hakk i ein næringskjede. Til dømes ein rev som et ein hare.
Ca. 90% går tapt.
Rett eller galt: Ganger poengsummen din med -1
Ta utgangspunkt i følgjande næringskjede:
Alge - Reke - Fisk - Sel - Isbjørn
Forklar kvifor isbjørnar inneheld meir miljøgifter per kilogram kroppsvekt enn dei andre dyra.
Isbjørnen er på toppen av næringskjeden, og når den et noko som er under den i kjeden, vil den overta alle miljøgiftene til byttedyret sitt.