Kva vert produsert i eit vindkraftverk?
Straum.
Kva er kjernekraft?
Kjernekraft er når vi gjer nytte av atomkjerna og skaper elektrisk energi.
Kvar kjem solkraft frå?
Sola
Kva type energi er olje?
Fossil energi / kjemisk energi.
Kva gjer til at vatnet flyttar seg/kjem seg opp i demningar på fjellet og blir til potensiell energi der?
Sola gjer til at vatnet fordampar og blir til skyer som seinare vert regn som samlar seg i innsjøar/demningar på fjellet.
Kva er utforutsigbart med vindkraft?
Det er avhengig av vind for å produsere straum.
Er kjernekraft fornybar energi?
Nei. Det er ikkje fornybar energi.
Kva trengs for å produsere straum frå sola?
Solceller
Kvar henta vi olje i frå?
Olje finn vi i feller under bakken eller under havbotn.
Kor mykje av den elektriske energien til Noreg kjem frå vasskraft?
1. < 69%
2. 70% - 79%
3. 80% - 89%
4. > 90%
4. Meir enn 90% av den elektriske energien til Noreg kjem frå vasskraft.
På kva type område vert vindturbinar ofte plassert?
Stadar der det bles mykje og ofte. Til dømes kystområde.
Kva er fordelane med kjernekraftverk?
Låge klimautslepp. Stabilt og forutsigbart. Arealeffektivt. Høg tryggleik.
Kvar bør solcellene bli plassert?
Mot sør og der det ikkje blir utsett for skygge.
Kva er råolje?
Ureinsa olje. Oljen som kjem opp frå bakken før den har blitt reinsa.
Korleis omdannar energien i vatnet seg til elektrisk straum i et vasskraftverk?
Vatnet set ein turbin i bevegelse, som igjen driv ein generator.
Kvar er transformatoren i ein vindturbin (fleire svar)?
I maskinhuset på toppen, ved foten av tårnet eller i ein sentral transformatorstasjon i vindparken.
Kva type gass kjem ut av tårnet/tårna knytta til kjernekraftverk?
H2O / vassdamp.
Kva for ein faktor kan redusere effektiviteten til solceller sjølv på solrike dagar?
Når temperaturen aukar, sjølv om det er mykje sollys, går effektiviteten ned.
Kva type land/statar brukar oljekraftverk for å produsere elektrisk energi?
Øystatar eller land som er "isolerte". Typisk døme: Cuba, Maldivene. Eventuelt land som har mykje olje som til dømes Saudi-Aarbia, Kuwait og dei sameinte arabiske emiratane.
Kor stor del av verdas elektrisitetsproduksjon kom frå vasskraft i 2019?
15.9%
32.4%
37.6%
54.7%
15,9 % av verdas elektrisitetsproduksjon kom i frå vasskraft i 2019.
Kor mange vindkraftverk er det i Norge?
65 vindkraftverk.
Kvifor er kjernekraft ein type varmeenergi?
Fordi når vi spalter atomkjerna, skaper det varme som vi bruker til å få vatn til å fordampe.
Kva er skilnaden på ein solfangar og ei solcelle?
Ei solcelle lagar elektrisk straum medan ein solfangar brukar sola til å varme opp vatn eller luft.
Kva er parafin?
Det er drivstoff som blir brukt i fly (olje).
Kva land er verdas største produsent av elektrisk energi?
Kina