Etikk 1
Etikk 2
Etikk 3
Etikk 4
Lett blanding KRLE
100

Denne erklæringa, som bygger på pliktetikk, understrekar rettane til alle menneske.

Kva er FN si menneskerettserklæring?

100

Ei etisk retning som fokuserer på utfallet av handlinga og effekten på lykke og liding.

Kva er konsekvensetikk?

100

Ei etisk retning som fokuserer på å følge gode normer, lover og reglar. 

Kva er pliktetikk?

100

Ein situasjon som er prega av tvil og usikkerheit og som handlar om å foreta val mellom to ubehagelege mogelegheiter.

Kva er eit etisk dilemma?

100

Suppe, såpe, frelse.

Kva er slagordet til Frelsesarmeen?

200

Ein skal ikkje gjere mot andre det ein ikkje ønsker dei skal gjere mot ein sjølv.

Kva er/seier "den gylne regel"?

200

At han seier at du har plikt til å følge dei gode normene - alltid.

Kva kan vere ei svakheit ved pliktetikken?

200

At det kan vere vanskeleg å føreseie verknaden av ei handling.
 

Kva kan vere ei svakheit ved konsekvensetikken?

200

Ein rett som John Stuart Mill kjempa for.

Kva er likestilling (mellom kvinner og menn)?

200

Kristendommen.

Kva religion er den største av verdsreligionane?

300

Immannuel Kant

Kven var den viktigaste filosofen i opplysningstida?

300

Evna til å føle ansvar.

Kva er det som skil menneske frå planter og dyr (i følgje Hans Jonas)?

300

Eit anna ord for ansvarsetikk.

Kva er framtidsetikk?

300

Ei styreform som John Stuart Mill brukte konsekvensetikk til å argumentere for.

Kva er demokrati?

300

Thomas B. Barrat

Kven var den første leiaren for pinsebevegelsen i Europa?

400

At effekten av handlingene våre sikrar at det framleis finst menneskeleg liv på jorda. 

Kva går handlingsregelen ut på?

400

Denne filosofen meinte at handlinger bør vurderast basert på om dei fører til størst mogeleg lykke for flest mogeleg menneske..

Kven var John Stuart Mill?

400

Til dømes tillit, medkjensle, rettferd og vennskap

Kva gode verdiar må ein ta omsyn til når ein tenker konsekvensetisk?

400

Ein filosof som var spesielt oppteken av ansvaret menneske har for det framtidige livet på jorda.

Kven var Hans Jonas?

400

Ein person som avviser alle former for gudstru eller tru på eit liv etter døden.

Kva er ein ateist?

500

Ei handling som konsekvensetikken kan godta, dersom ho gir størst mogeleg nytte, sjølv om ho er urettferdig for enkeltpersonar.

Kva er å tillate at eit menneske blir slave for å gjere fleire menneske lykkelege?

500

Fire laster som er det motsette av Platon sine dyder/dygder. Å unngå desse kan, i følgje Platon, vere vegen til eit godt liv.

Kva er grådigheit, feighet, tankeløyse og mangel på rettferd?

500

Noko som er viktig for å styrke menneske sine gode eigenskapar, i følgje Aristoteles.

Kva er gode forbilde?

500

Fire dyder/dygder som i følge Platon kjenneteiknar eit godt menneske.

Kva er måtehald, mot, visdom og rettferd?

500

Tre former for kunnskap som Aristoteles skilde mellom. 

Kva er vitskapleg kunnskap, moralsk klokskap og kunnskap om korleis ting blir laga?

M
e
n
u