Fantastikk og realisme
Litteraturhistoriske røter
Fantasyunivers
Forteljestruktur og motiv
100
Kva skil fantasy frå annan fiksjon? 

Fantasy fortel om ting som umogleg kan ha skjedd. 

100

Nemn ei av dei litterære røtene til fantasyforteljingar. 

Eksempel: helteforteljingar, ridderforteljingar, eventyr og mytar 

100

Kven har skrive romanen som er pensum til dagens økt om fantastisk litteratur? 

Astrid Lindgren 

100

Kva vil det seie at fantasy ofte vert karakterisert som formellitteratur? 

Ein del fantasy er laga etter eit bestemt mønster eller struktur, slik som for eksempel eventyr. 
200

Nemn to barnelitterære eksempel der døden vert tematisert gjennom fantastiske element. 

Eksempel: Brune (Øverås og Torseter) og Brødrene Løvehjerte (Lindgren)
200

Kva er koblinga mellom helteforteljingar og fantastisk litteratur? 

Helten sine bragder er gjerne overmenneskelege eller fantastiske. 

200

Kva kjent fantasyunivers blei skapt av C. S. Lewis? 

Narnia

200

Nemn eitt motiv som ofte opptrer i fantasy for barn, ifølgje Skyggebjerg.

Eksempel: det framande barnet, det utvalde barnet, reisa og forvandlinga

300
Kva er magisk realisme? 

Det magiske er ein del av verkelegheita. Fantastiske element er ein naturleg del av realismen. 

300
Kva tekst frå ca. 2000 år f.v.t. har Tolkien henta inspirasjon frå til Ringenes Herre

Gilgamesh-eposet, det eldste episke (forteljande) diktet vi kjenner til. 

300

Kva fantasyforteljing har blitt kalla fantasylitteraturens mest prototypiske tekst (Attebery) og har fungert som inspirasjon for mange forfattarar og spelutviklarar? 

Ringenes Herre

300

Kva er eit fantasem, ifølgje Nikolajeva? Forklar og kom med minst eitt eksempel. 

Eit element som bidrar til å skape ein meiningsfull samanheng i teksten, for eksempel ein magisk passasje frå ei verd til ei anna. Eksempel: magisk passasje, magisk objekt og magisk agent. 

400

Forklar korleis verdsbildet vårt/verkelegheitsoppfattinga vår har noko å seie for korleis vi tolkar fantastisk litteratur. Bruk ein litterær tekst som eksempel. 

Eksempel: Barn og vaksne vil lese slutten av Brødrene Løvehjerte ulikt, fordi dei har ulik forståing av døden. 

400

Kva er samanhengen mellom Vladimir Propp og fantastisk litteratur? 

Propp har utarbeida ei oversikt over funksjonar i eventyr, og nokre av desse eventyrfunksjonane finn vi igjen i fantastisk litteratur. 

400

Kva heiter dei fire husa på Galtvort? 

Griffing (Gryffindore), Håsblås (Hufflepuff), Ravnklo (Ravenclaw) og Smygard (Slytherin)

400

Nikolajeva nemner tre forskjellige typar av fantasyunivers: lukka konstruksjon, open konstruksjon og underforstått konstruksjon. Forklar minst to av desse. Bonuspoeng for alle tre. 

Lukka konstruksjon: heile handlinga føregår i eit magisk univers. Open konstruksjon: handlinga finn stad både i ei vanleg og ei magisk verd. Underforstått konstruksjon: Ein magisk agent blandar seg inn i den vanlege verda. 

500
Forklar karnevalesk i tilknyting til barnelitteratur. Bruk ordet samfunnskritikk. 

Ifølgje Bakhtin fungerte karnevalet som ein ventil i eit hierarkisk samfunn, der rollene for ei kort tid blei snudd på hovudet. I barnelitteratur kan karnevaleske element snu opp ned på den "vaksenfornuftige" verkelegheita og etablerte reglar for oppførsel. Dette kan både vere morosamt og ha ein samfunnskritisk effekt, då det bidrar til å stille spørsmålsteikn ved roller, normer og forventningar. 

500

Kom med tre ulike eksempel på at udødelegdom er eit tema som går igjen i mytar, eventyr og fantasy. Minst eitt av eksempla skal vere frå ein fantasytekst og minst eitt frå ein myte. 

Eksempel: Gilgamesh - menneska var udøyelege før storflaumen, ZombieLars - levende ulevende, Harry Potter - Voldemort, Ringenes Herre - alvane, Bibelen - livets tre i Edens hage. 

500

Nemn fem fantasytekstar for barn, utanom dei som har blitt nemnde før i dag. Tekstane skal vere av ulike forfattarar. 

Eksempel: Tambar-bøkene, Villheks-bøkene, noko av Roald Dahl, Luridiumstyven eller ei anna bok av Bobbie Peers, Snøfall (julebarne-tv), Løven, heksa og klesskapet, Mio, min Mio ... 

500

Kva er dei fire fantasykategoriane til Mendlesohn?

portal- og oppdragsfantasy, innforstått fantasy, inntrengarfantasy og terskelfantasy

M
e
n
u