Kva sa englane som kom til gjetarane som var ute på marka og passa sauene: “Ver ikkje….”
redde
Kva heiter “god jul” på engelsk?
Merry Christmas
Kva kallar me dei kvite og kalde krystallane som fell ned frå himmelen når det er skikkeleg kaldt ute?
Snø
Motsett av varme
Kulde
Når det er is på vatnet, tek me på oss nokre rare sko med blad under. Så sklir me i veg. Kva heiter desse spesielle skoa?
Skøyter
Kva gav dei vise menn frå Austerland i gåve til Jesus?
Gull, røykjelse og myrra
Kva heiter “god jul” på svensk?
God jul
Kva endrar vatn seg til når det er under 0 grader?
is
Nemn to middagsretter som er tradisjonell norsk julemat.
Ribbe, pinnekjøtt, lutefisk, juletorsk, kalkun, skinkesteik til dømes
Nokre liker å køyra i sikksakk ned ein bakke på ski, der det er mange svingar merka med flag. Kva kallar me denne sporten?
Slalom
Kven kom til Maria med bodskapen om at ho skulle få ein son?
Engelen Gabriel
Kva betyr det franske ordet “Noel”?
Jul, sjølvsagt
Kva dyr er svart med kvit pels og likar snø og is?
Isbjørn
Kva heiter dronninga i Norge?
Sonja
Kva ord manglar her: Nordmenn er født med … på beina.
Ski
Kvifor måtte Josef og Maria reisa til Betlehem?
(Keisar Augustus hadde bestemt at) det skulle vera folketeljing/manntal
Kvifor leikar dei ikkje i snøen i Australia når det er jul?
Fordi det er sommar der då-då badar eller surfar dei heller.
Kva årstid kjem før våren?
Vinter
Nemn 5 ord som startar med “jule-“…
Juletre, julebord, julegåve, julelys, julekveld, julemusikk, juletradisjon, julemat, julefeiring, julestjerne, julekort og julenisse til dømes.
Kva er Johannes Høsflot Klæbo, Terese Johaug, Simen Hegstad Krüger kjent for?
Langrenn (dei norske utøvarane som har vunne flest medaljar for dette i vinter-OL)
I kva bok i Bibelen les me vanlegvis juleevangeliet?
Lukasevangeliet
Kva kallar dei julafta (24. desember) på engelsk?
Christmas Eve
Kva heiter avkommet til ein hest og eit esel?
Muldyr
Det er eit land i verda som har fleire norske etterkomarar enn Norge har. Kva land er det?
Kva er skiflyging?
Skihopp med ekstremt lange hopp. Verdsrekord for menn er eit 254,5 meter langt hopp.