Oppdagingar og erobringar
Globalisering
Reformasjon og nye tankar
Maktstaten og krig
Styringsformer og økonomi
100

Kven landa på Bahamas i 1492 og trudde han hadde funne vegen til India?

Kristoffer Columbus

100

Nemn to matvarer som kom frå Amerika til Europa.

Potet, mais, tomat, kakao, tobakk, paprika

100

Kven blir rekna som grunnleggjaren av reformasjonen etter at han kritiserte avlatshandelen i 1517?

Martin Luther

100

Kva heitte krigen som herja Europa frå 1618 til 1648?

Trettiårskrigen.

100

Kva kallar vi styreforma der kongen har uavgrensa makt?

Einevelde

200

Nemn dei to store sivilisasjonane i Amerika som eksisterte då europearane kom.

Aztekarriket og Inkariket

200

Kva var hovudårsaka til at folketalet i Amerika sokk med over 90 % etter møtet med europearane?

Sjukdommar (som koppar og influensa).

200

Kva for ei oppfinning frå 1455 gjorde det mogleg å spreie nye idear og kunnskap mykje raskare enn før?

Boktrykkjarkunsten (Gutenberg).

200

Kva heiter fredsavtalen frå 1648 som la grunnlaget for det moderne statssystemet?

Freden i Westfalen.

200

Kva for eit land er det beste dømet på eit konstitusjonelt kongedømme i denne perioden?

England

300

Kva heitte den portugisiske sjøfararen som fann den faktiske sjøvegen til India i 1497?

Vasco da Gama

300

Kva kallar vi det globale nettverket av planter, dyr, menneske og sjukdommar som oppstod etter 1492?

Den columbianske utvekslinga.

300

Kva innebar slagordet "Cuius regio, eius religio" frå religionsfreden i Augsburg?

At fyrsten i eit område fekk bestemme kva religion folket skulle ha.

300

Kvifor svekka adelen seg i denne perioden?

Fordi kongen fekk meir makt, fordi jord blei mindre viktigare enn handel og fordi militærteknologien endra seg.

300

Kva er hovudskilnaden på eit einevelde og eit konstitusjonelt kongedømme?

I eit konstitusjonelt styre er makta til kongen avgrensa av ei grunnlov eller ein avtale med folket.

400

Nemn tre årsaker til at europearane drog ut i verda på denne tida

Konkurranse mellom statar, nysgjerrigheit, ny teknologi (kompass/skip), ønske om rikdom og misjon

400

Forklar kva "trekanthandelen" var.

Handel mellom Europa (våpen/alkohol), Afrika (slavar) og Amerika (råvarer som sukker/bomull).

400

Kvifor flykta mange lærde frå Bysants til Italia i 1453, og kva hadde dei med seg?

Fordi Det osmanske riket tok Konstantinopel; dei hadde med seg kunnskap om antikken.

400

Kvifor førte krigføring på 1500- og 1600-talet til at statane måtte byggje ut administrasjonen sin?

Fordi krig blei svært dyrt, og staten måtte organisere skatteinnkreving og byråkrati for å finansiere hæren.

400

Kva heiter den økonomiske politikken der målet er at staten eksporterer mest mogleg og samlar opp gull og sølv?

Merkantilisme

500

Kina hadde betre skip og meir kunnskap enn Europa, men slutta med ekspedisjonar rundt 1440. Kvifor?

Dei måtte forsvare seg mot mongolane (eller dei fann ikkje noko dei hadde bruk for).

500

Omtrent kor mange afrikanarar blei sende over Atlanterhavet som slavar mellom 1450 og 1850? Slingringsmonn 3 millionar.

12,5 millionar.

500

Kva var det viktigaste poenget til Luther når det gjaldt frelse og forholdet til kyrkja?

At mennesket blir frelst gjennom tru åleine, og at ein ikkje treng paven eller kyrkja som mellomledd til Gud.

500

Kva blir meint med "suverenitet" i samband med Westfalen-freden?

At kvar stat har full makt over sitt eige territorium og at andre statar ikkje skal blande seg inn.

500

Kvifor blei Amsterdam eit viktig finanssenter på 1600-talet?

På grunn av stor handel, religiøs toleranse og utviklinga av bankvesen, statsobligasjonar og forsikring.

M
e
n
u