Kva er forskjellen på sterke og svake bindingar?
Sterke bindingar held atom saman, og dannar metall, salt eller molekyl. Svake bindingar held molekyl saman.
Teikn eit propan-molekyl
Kva er definisjonen på syrer og basar?
Syrer er stoff som kan gi frå seg H+, og basar er stoff som kan ta til seg H+.
Nemn tre døme på reaksjonstypar.
Syrebase-reaksjonar
Redoksreaksjonar
Fellingsreaksjonar
Kompleksdanning
Forbrenningsreaksjon
Kva handlar analyse om?
Å finne ut kor mykje av eit stoff ein har i ein prøve, eller finne ut kva slags stoff ein har i prøven.
Kva er betingelsane for å få danne ein hydrogenbinding?
Eit H-atom må vere bunde direkte til eit F, N eller O-atom.
Teikn eit 3-hydroksy-heksanal-molekyl
Kva er forskjellen på sterke og svake syrer?
Sterke syrer protolyserer fullstendig, mens svake syrer dannar likevekter.
Kva fire faktorar påverkar reaksjonsfarten til ein reaksjon?
Katalysator
Konsentrasjon
Temperatur
Overflateareal
Kva er forskjellen på ei volumetrisk og ei gravimetrisk titrering?
I ei volumetrisk titrering måler ein volum, og i ei gravimetrisk titrering måler ein masse.
Kva krevst for å få danne ein permanent dipolbinding?
Ein må ha ein polarkovalent binding (elektronegativitetsforskjell mellom 0,5 og 1,7) og ha gunstig geometri.
Kva meiner ein med omgrepet "funksjonell gruppe"?
Den delen av det organiske stoffet som er unikt for ei stoffgruppe. Til dømes OH-gruppe for alkoholar og COOH-gruppe for karboksylsyrer.
Gi namn og formel på tre sterke syrer.
Saltsyre (HCl), salpetersyre (HNO3) og svovelsyre (H2SO4).
Rekn ut kor mange mol N-atom det er i 400 gram NH4NO3.
10 mol N-atom.
I ein kolbe har du 25 mL HCl med ukjent konsentrasjon. Til denne løysinga tilsett du 21,3 mL 0,1 mol/L NaOH før indikatoren slår om. Kva er konsentrasjonen til HCl-løysinga?
0,0852 mol/L HCl
Kva representerer entalpiendring?
Entalpi er eit mål på kor mykje varme som blir frigjort i ein prosess.
Ranger følgjande molekyl etter aukande løyslegheit i vatn:
Etan, etanol, entanal, etansyre
Etan, etanal, etanol, etansyre
minst mest
0,5 mol HNO3 blir løyst opp i 3000 mL vatn. Kva blir pH?
pH = 0,78
Du overfører 20 mL av ei 2 mol/L NaCl-løysing til ei 100 mL målekolbe, og fortynnar til merket med vatn. Kva er den nye konsentrasjonen av NaCl i målekolben
0,4 mol/L
Ein kolbe med 20 mL HCl med ukjent konsentrasjon blei titrert med 0,4 % NaOH. NaOH-løysinga ligg i ei pipetteflaske, og før titreringa vog flaska med løysing 250 gram. Etter ekvivalenspunktet vog flaska 228,8 gram. Kva er konsentrasjonen av HCl (i mol/L)?
0,106 mol/L
Kva er forskjellen på bindingsentalpi og danningsentalpi?
Bindingsentalpi er energien i ein binding, mens danningsentalpi er energien som krevst for å danne eit stoff ut frå grunnstoffa i grunntilstanden.
Namnsett molekylet nedanfor:
Kva for nokre av salta nedanfor påverkar pH?
NaCl, NaNO3, Na2CO3 og (NH4)2SO4
100 poeng bonus om du oppgir korleis dei påverkar pH.
Na2CO3 (aukar pH) og (NH4)2SO4 (senker pH)
1,00 gram CaCl2*x H2O blir varma opp til alt vatnet fordampar vekk. Det tørre saltet veg no 0,75 gram. Kor mange vassmolekyl er det i saltet per CaCl2-einheitar?
2 vassmolekyl per CaCl2
Ein prøve blir analysert med lysspektroskopi. Før analysa laga du standardkurva nedanfor. Prøven hadde ein absorbans på 0,15, kva er konsentrasjonen i µg/mL.
Ca. 5,5 µg/mL.