Grammatikk
Sjangerlære
Språkhistorie
Dialekt
Litteraturhistorie
100

Kva ordklasse er dette ordet? VERE

Verb

100

Gi eksempel på ein type tekst som er skjønnlitterær

Roman, novelle, skodespel, dikt, eventyr, forteljing

100

Kva var det første ordet for nynorsk? 

Landsmål

100

Kva dialektområde høyrer Rogaland til? 

Vestnorsk

100

Kva litterær epoke høyrer Henrik Ibsen til? 

Realismen

200

Kva slag ordklassar er desse orda? FINT BORD

Fint = adjektiv, bord = substantiv

200

Gi eksempel på ein type tekst som er reflekterande. 

Kåseri, essay, blogg, logg, refleksjonsnotat, drøftane artikkel

200

Kva er bakgrunnen for bokmål, og kven blir kalla "bokmålets far"? 

Bokmål kjem frå dansk, og Knud Knudsen blir kalla "bokmålets far". 

200

Heile gruppa må seie ordet "ripsbærbuskar" først med  skarre-R og så med rulle-R. 

Læraren er dommar. (Skarre-R blir laga bak i ganen, rulle-R blir laga framme på tungespissen). 

200

Kva kallast den første litterære epoken då tekstane handla om sterke heltar og gudar. 

Norrøn litteratur

300

Bøy substantivet STOL på nynorsk

Ein stol - stolen - stolar - stolane

300

Forklar skilnaden på ein påstand og eit argument

Ein påstand seier kva du meiner. Eit argument har ei grunn til at du meiner noko (ei forklaring på kvifor).  

300

Forklar korleis nynorsk vart til, og kven som har æra for dette. 

Ivar Aasen gjekk rundt og høyrde på dei ulike dialektane i Noreg. Etterpå laga han ei ordliste for det som skulle bli landsmål/nynorsk. 

300

Forklar målmerket palatalisering. Gi eksempel. Kvar er dette målmerket vanleg?

Når konsonantane -nn og -ll blir uttala med ein j-lyd. Majnn, bajll. Trøndelag, Nordland og Nord-Norge

300

Kva kallar vi den litterære epoken då Petter Dass og andre skreiv dikt om Gud og kristendommen? 

barokken 

400

Bøy verbet Å SKRIVE på nynorsk 

Å skrive - skriv - skreiv - har skrive

400

Forklar skilnaden på direkte og indirekte tale. 

Direkte tale er replikkar, og gjengir ordrett det ein person seier ("Eg må på do", seier Lise). 

Indirekte tale gjengir omtrent det personen seier (Per fortel at Lise må på do). 

400

Kva er jamstillingsvedtaket? 

Jamstillingsvedtaket var eit vedtak i Stortinget i 1885 der landsmål og riksmål skulle vere sidestilte. 

400

Forklar målmerket apokope. Gje eksempel. Kvar er dette målmerket vanleg? 

Bortfall av siste staving i verb i infinitiv (å kjøp, å lev, å reis). Også i nokre substantiv (ei brødskiv). Trøndelag og Nordland. 

400

I denne epoken skildra Henrik Wergeland den norsk naturen og det spesielle i mennesket med mange språklege bilde. Kva heiter epoken? 

Romantikken

500

Bøy verbet Å VERE på nynorsk

Å vere - er - var - har vore

500

Kva forteljarmåte er brukt her: "Den middelaldrande dama stod rakrygga med eit ransakande blikk utover klasserommet mens ho ramsa opp alle fagorda som dei slitne femtenåringane måtte kunne til prøven berre to dagar etter vinterferien". 

Skildring

500

Kor mange prosent av elevane i norsk grunnskule har nynorsk som sitt hovudmål? (+/-5%)

Cirka 12% (Godkjent: 7-17%)

500

Kva fire ulike infinitivsendingar har dei norske dialektane? 

A-mål, E-mål, apokope og kløyvd infinitiv. 

500

Nemn to dramastykke av Henrik Ibsen og sei kva epoke desse høyrer til. 

Peer Gynt, et dukkehjem, villanden

M
e
n
u