Dei fleste sterke verb skifter rotvokal. Kva heiter dette?
Dei får omlyd
Eg skal slå opp "å føle". I ordboka står det:
føle -er, -te, -t
Kva blir då "jeg føler meg dårlig" på nynorsk?
Eg føler meg dårleg.
Kristian har en kjæreste. Han låner bilen hennes.
Kva blir det på nynorsk?
Kristian har ei kjæraste. Han låner bilen hennar.
Kva for artikler kan ein ha foran substantiv på nynorsk?
ein, ei eller eit
Kva kjenneteikner sterke verb?
Ikkje ending presens og preteritum (+ ofte omlyd)
På nynorsk er det ingen som "løper". Kva gjer me?
Me spring, fort som faen!
(å springe - spring - sprang - sprunge)
Du og Kari eig to bilar: Er det deres bil?
Kva blir det på nynorsk?
Er det dykkar bil?
Kva er hovduregelen for hankjønnsord?
Dei får endingane -ar og -ane i fleirtal
Kva for ein av dei følgjande setningane er riktige?
Anten: Vi må hugse å gjere leksa.
Eller: Me må hugse å gjere leksa.
Begge!
Bøy å bite (klasse 1)
å bite - bit - beit - har bite (i --> ei)
Kva er riktig: Å lese eller å lesa?
Begge! (du kan vel, men du må halde deg til den infinitivforma du vel gjennom heile teksten!)
Eg vil ikkje at mine foreldre skal kome heim så tidleg.
Det er en feil i setninga. Kva er feilen?
foreldra mine (eigedomsordet skal helst stå bak substantivet)
Bøy substantivet hus
eit hus - huset - hus - husa
Dere må sette dere ned.
Kva blir det på nynorsk?
De/dokker må setje dykk/dokker ned.
Bøy å bryte (klasse 2)
å bryte - bryt - braut - har brote (y --> au --> o)
Bøy å sykle
å sykle - syklar - sykla - har sykla
(a-verb: får -ar i presens og -a i preteritum og perfektum)
Oversett denne setningen til nynorsk:
Lotte og Line har en søt hund. Jeg liker deres hund.
Lotte og Line har ein søt hund. Eg liker hunden deira.
Kva for hokjønnsord skal ha endingane -ar og -ane i fleirtal? Kom med eit døme!
Dei som endar på -ing. Til dømes ei helsing
Jeg kommer for å besøke dem, men jeg vil ikke besøke henne.
Korleis seier ein det på nynorsk?
Eg kjem for å besøke dei, men eg vil ikkje besøke ho/henne.
Bøy å verte (klasse 4)
å verte - vert - vart - har vorte (e --> a --> o)
Kva er regelen for j-verb?
Bøy å telje
J-verb har -je i infinitiv og inga ending i presens slik som dei sterke verba.
å telje - tel - talde - har talt
"Det er skolens eigendom."
Kva blir det på nynorsk? Forklar også regelen.
Det er skulen/skolen sin eigedom./
Det er eigendomen til skulen/skolen.
unngå s-genetiv på nynorsk! Bruk heller eigendomsord eller preposisjoner.
Forklar kva samandraging er og gi eit døme.
Samandraging er når ein vokal i stammen til substantivet forsvinner ved bøying.
Døme: ein himmel - himmelen - himlar - himlane