Kva heiter "jeg" på nynorsk?
Eg
Kva heiter "et sted" på nynorsk?
Ein stad
Omset og bøy "å gjøre" på nynorsk
Å gjere - gjer - gjorde - har gjort
Kan ein skrive "mye" på nynorsk?
Nei, det heiter "mykje"!
I kva form skal ein alltid slå opp eit ord i ordboka?
Infinitivsforma! Altså det ein kan setje "å" foran (å sette - du treng ikkje å skrive å-en)
Kva heiter "hun" på nynorsk?
Ho (aldri "hu!")
Bøy ordet "ein bror" på nynorsk
Ein bror - broren - brør - brørne
Omset og bøy "å komme" på nynorsk
Å komme (kome) - kjem - kom - har komme (kome)
Kan ein skrive "man" på nynorsk?
Nei, det kan ein ikkje, det heiter "ein" og det var ganske openbart i spørsmålet.
Kva er ei vanleg felle når ein har slått opp eit ord i ordboka?
Å velje feil ordklasse eller feil betyding av ordet. Hugs å sjå at forklaringa av ordet er rett!
Kva heiter "hennes" på nynorsk?
Hennar (aldri "hennars")
Forklar hovudreglane for bøying av hokjønnsord på nynorsk. Gje eit eksempel.
Hokjønnsord får endinga -a i eintal og -er og -ene i fleirta (samme som på bokmål). Ei sak - saka - saker - sakene
Omset og bøy "å være" på nynorsk
Å vere - er - var - har vore
Å gløyme småorda er vanleg. Kva heiter desse orda på nynorsk? en, et og de
Ein, eit og dei
Kva kan vere lurt å gjere når du skal skrive eit ord som byrjar på "an" eller "be"?
Slå opp i ordboka! Det kan fort hende at det ordet ikkje er tillatt på nynorsk. Til dømes "å anmelde" heiter "å melde". "å betro" heiter "å tru (seg til)"
Bruk "dykk" riktig i ein setning.
F eks: Eg elskar dykk (Jeg elsker dere)
Forklar hovudreglane for inkjekjønn på nynorsk. Gje eit eksempel.
Inkjekjønnsord får endinga -et i eintal, inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal:
eit hus - huset - hus - husa
Omset og bøy "å si" på nynorsk
Å seie - seier - sa - har sagt
Kva er "eg e ein mann", "dokkar har mang pæng" og "æ trur hu vart redd" eksempel på?
At ein skriv muntlege dialektar i staden for nynorsk!
Kva er lurt å gjere når du skal skrive eit ord som sluttar på "-het", slik som "kjærlighet"
Slå opp i ordboka! Det er aldri -het-endingar på nynorsk, men det kan vere både -leik (kjærleik) og -dom (ærlegdom (ærlighet))
Forklar forskjellen på dykkar og deira
Dykkar betyr "deres" altså dere som jeg snakker til nå, mens "deira" betyr "deres" i betydningen "de der borte"
Forklar hovudreglane for bøying av hankjønnsord på nynorsk. Gje eit eksempel
Hankjønnsord får endinga -en i eintal og -ar og -ane i fleirtal: ein gut - guten - gutar - gutane
Omset og bøy "å skrive" på nynorsk
Å skrive - skriv - skreiv - har skrive
Kva er feil her: "Dette er ein heilt vanlig setning"?
Det skal stå "vanleg". Ord som sluttar på "lig" på bokmål endar ofte på "-leg" på nynorsk.
Kva slags ending får ofte ord på nynorsk som sluttar på "-else" på bokmål?
"-ing", slik som forståelse = forståing. Men det kan vere andre endingar også, så det er viktig å slå opp i ordboka!