Berekraftig utvikling
Samfunnsansvar frå eit etisk perspektiv
Samfunnsansvar frå eit forretningsmessig perspektiv
Samfunnsansvar frå eit lovmessig perspektiv
100

Ei utvikling som kjem dagens behov i møte utan å øydelegge moglegheitene for kommande generasjonar.

Kva er berekraftig utvikling?

100

At ei verksemd tek gode etiske og berekraftige val og gjer minimal skade på menneske, miljø og samfunn.

Kva er å ta samfunnsansvar?

100

For at verksemder skal kunna bidra til samfunnet med arbeidsplassar og skatteinntekter må dei vera ...

Kva er lønnsame?

100

Krav til openheit og ansvarskjensle for store verksemder kjem fram i denne lova.

Kva er openheitslova?

200

Dei tre berekraftsdimensjonane.

Kva er miljømessig berekraft, økonomisk berekraft og sosial berekraft?

200

Verksemder som opptrer på ein rett, reieleg og rettferdig måte.

Kva er å ta samfunnsansvar ut i frå eit etisk perspektiv?

200

Ei verksemd sitt økonomiske resultat.

Kva er botnlinje?

200

Misvisande marknadsføring der verksemder prøver å verke meir berekraftige enn dei eigentleg er.

Kva er grønvasking?

300

Dersom alle hadde hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville vi ha trunge ... jordklodar.

Kva er 3,6 jordklodar?

300

Etiske omsyn som må vurderast opp mot kvarandre.

Kva er etiske dilemma?

300

Dei tre grunnpilarane i den triple botnlinja.

Kva er menneske, miljø og økonomi?

300

Eit lovverk som skal bidra til miljømessig berekraft.

Kva er forureiningslova?

400

Felles arbeidsplan med 17 mål og 169 delmål for å utrydde fattigdom, nedkjempe forskjell og stoppe klimaendringane innan 2030.

Kva er FNs berekraftsmål?

400

Når ein produsent bygger inn svakheiter i produktet, slik at forbrukar må skifte ut produktet tidlegare enn nødvendig.

Kva er planlagd forelding?

400

Verksemder som tek eit tydeleg samfunnsansvar kan betre ... sitt.

Kva er omdømme?

400

Ein rettleiar som seier noko om korleis verksemder kan unngå grønvasking.

Kva er grønvaskingsplakaten?

500

Å skape auka verdiskaping med mindre samla miljøbelastning.

 Kva er grøn vekst?

500

Å bestikke eller få bestikkingar i form av pengar, gåver eller tenester, for at ein person i ei maktrolle skal gi ein annan person fordelar.

Kva er korrupsjon?

500

Eit omdømme blir skapt ut frå både ... og ...

Kva er fornuft og kjensler?

500

Statleg forvaltningsorgan som varetek forbrukarvernet gjennom handheving av lover og reglar.

Kva er Forbrukartilsynet?