Kva heiter verdas raskaste dyr?
Gepard
Kva heiter dronninga i Noreg?
Sonja
i 2016 kom den tredje filmen i serien om Po, som blir dragekrigar i staden for å overta faren sin nudelrestaurant. Kva heiter filmserien?
Kung Fu Panda
Kva heiter den firkanta mannen som saman med Alex er hovudfigur i dataspelet Minecraft?
Steve
Kor gamal må ein vere for å ta lappen i Noreg?
18 år
Kva slags fugl med lange bein kan springe opptil 70 km/t?
Struts
Kva seier barn i Amerika når dei går på godterijakt på Halloween?
Trick or Treat?
Kva kaller Peter Parker seg når han blir forvandla til ein superhelt?
Spider-man
Kva heiter kongen av Koopaene, som er erkefienden til Mario i Super Mario-spela?
Bowser
Kva farge er det på M-en i logoen til McDonalds?
Gul
Kva slags dyr er det tyngste dyret som har levd på jorda?
Blåkvalen
I kva for eit land kan ein besøke Lego-land?
Danmark
Kva heiter den oppfinnsame guten som må ordne opp med tyver på eigen hand i dei to første "Alene hjemme"- filmane?
Kevin
I kva for ein sangleik syng vi "Den som kommer aller sist, må i den sorte gryte"?
Bro Bro Brille
Kva heiter såpa som mange bruker for å vaske opp oppvask med?
Zalo
I kva for eit land lev pandaen i det fri?
Kina
Kva dato og år fekk Noreg si eiga Grunnlov?
17. mai 1814
Kva innheld dei farga glasskulene som Rileys fem følelsar held orden på i filmen "Innsiden ut"?
Minner
Kva for eit ord blir brukt om eit enkelt spel sjakk?
Eit parti
Kva slags dyr er Brumlemann i "Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen"?
Bjørn
Kva heiter den lille øgla som er kjent for å kunne skifte farge?
Kameleon
Kva var namnet på venen til Jesus som svikta han?
Judas
Kva heiter guten som Karius og Baktus plager med sin hamring og banking?
Jens
Det er fire knapper ved sidan av kvarandre på ein Playstation-kontroll. Tre av symbola er firkant, trekant og sirkel. Kva er det siste?
X
Kva for ein meksikansk matrett består av tortillachips, er toppa med smelta ost og blir servert med tomatsalsa?
Nachos