Alfabet
Gresk - Alfa og Beta er dei to fyrste bokstavane i det greske bokstavsystemet
Kva for ein plante er det eit tekn på hell å finne med fire blad?
Kløver
Kva er dei tre appellformane?
Etos, Patos, Logos
Når er haustferien i Oslo?
Denne veka! (30. september -> 4. oktober)
Kva for ein norsk by har (nok ein gong) blitt einige om kor bybanen skal gå?
Bergen
Cosplay
Engelsk (Costume + Play)
Kvifor finn du av og til ikkje hotellrom og flyseter med talet fire i nokon austasiatiske land?
Talet fire er forbunde med ulykke (og død) i nokre kulturar
Kva appellform er brukt her?
"Det å legge bort mobilen før du legger deg, kunne sørge for at du sovner lettere, og kvaliteten på den søvnen du får vil også øke betraktelig. Dette har å gjøre med at kroppens prosess med å produsere søvnhormonet melatonin, ikke lenger blir påvirket av det blålige lyset fra mobilskjermen "
Logos
Når er det haust på den sørlege halvkula?
Sjølv om Trump sa nei til ein ny debatt, fekk CBS til ein debatt med visepresidentkandidatane. Men kva heiter dei?
Tim Waltz (D) og James David Vance (R, tidl. James Donald Bowman)
Parasoll
Italiensk (Parare - å beskytte mot + Sole - sol)
Kva for ein berømt amerikanar begynte ein tale med setninga «four score and seven years ago..»?
Abraham Lincoln
Kva er forskjellen på innleiande etos og avsluttande etos?
Innleiande etos er etosen du kjem inn i ein retorisk situasjon med, avsluttande er graden av etos du har etter denne situasjonen.
Kva er det som gjer at blader blir gule om hausten?
Klorofyllet (altså det som gir grønfarge) blir brote ned og erstatte med bl.a. karotenoidar som er gule og oransje.
Jens Stoltenberg blei offisielt ferdig som NATO-sjef på tysdag. Kor lenge hadde han vore i jobben?
Ti år.
Basar
arabisk بَازَار, "Sted med priser" (AFAIK)
Kvifor er spelet Tetris kalla opp etter det greske ordet for fire?
Alle klossane (eller tetriminoane) har fire "kuber"!
Argumentet under er frå ein kronikk i eit seriøst blad. Kva retorisk fagomgrep er det som gjerne ikkje er hugsa på her?
"[...] Kjære Stygge Hælvetes Forbanna Jævla Drittfyr. Jeg blir kvalm av å se deg på TV. Og jeg spyr når jeg hører deg på radio."
Aptum (Korleis du formulerer poenga dine og tilpasser språket til publikummet)
Kvifor feirer nokon hausttakkefest?
For å takke for det dei har fått av innhøstinga (altså ikkje for å få ei god innhøsting!)
Israel gjekk til angrep på Beirut og fleire andre byar i dette landet denne veka. Kva for eit land er det snakk om?
Libanon
Spa
Belgisk (byen Spa i Belgia)
Stoff kan ha fire (vanlege) tilstandar. Kva er dei? (1/2 p om de klarar 3/4).
Fast, flytande, gass, plasma
Å forvrenge motstandaren sine argument ved å overdrive, forenkle, sette på spissen eller finne på argument på ein slik måte at du lett kan vinne diskusjonen.
Du diskuterer då mot argument du sjølv har laga, altså mot ein stråmann i staden for mot diskusjonspartnaren din.
Pumpkin spice latte har blitt ein oktoberklassikar. Nemn to av dei fem mest brukte kryddera til pumpkin spice.
Kanel, allehånde, muskat, ingefær, nellik
Varslingssak knytta til feil i vurderinger på YF (ikkje bekrefta ennå)