Kva verkemiddel er brukt her:
"Livet går både opp og ned".
Kontrast
Har eg ekte eller falskt juletre?
Ekte, så klart!!!
Kva heiter riksmål no?
Bokmål
Kva to typar rim kan me finne i dikt?
Bokstavrim og enderim
Kor mange dagar er det i 2026?
365
Kva verkemiddel er brukt her:
"Huset gav meg ein klem".
Besjeling
Kva adventskalendar hadde eg?
Flax
Kvifor var det få som kunne lese og skrive i Noreg etter Svartedauden?
Dei fleste som kunne lese og skrive i Noreg då (prestar og munkar) døydde under pesten.
Kva kallar me avsnitta i eit dikt?
Strofe
I kva land har fleire ekte menneske gifta seg med AI genererte personar?
Japan
Nevn to av verkemidla som er dei vanlegaste å bruke for å forsterke/streke under noko?
Gjentaking, kontrast, overdriving.
Gjekk eg på ski i jula?
Nei, dessverre. Sukk...
Har me meir enn to talemål i Norge i dag?
Ja, me har mange dialektar, i tillegg til minioritetsspråka våre.
Bokmål og nynorsk er skriftspråk, altså språk me skriv. Me snakkar ikkje slik me skriv, sjølv om nokre snakkar ganske likt bokmål.
Kva kallar me linjene i eit dikt?
Verselinje
Kva er den tingen eg tek på tacoen min?
Ost
Rams opp 9 ulike verkemiddel ein kan bruke i noveller eller andre forteljingar.
Kontrast, gjentaking, besjeling, personifikasjon, symbol, metafor, samanlikning, ironi, overdrivelse.
Kor mange feira eg juleafta med (inkl meg)?
a) 5 - 6
b) 7 - 13
c) 14 - 19
14
Korleis snakka folk flest i Noreg under Dansketida?
Norske dialektar. Det var berre i dei største byane at nokon snakka fornorska dansk eller dansk.
Kva kallar me det når ein seier mykje med få ord. Noko som er svært vanleg i dikt.
Fortetta språk
Kva er det som er svart når det er ubukt og kvitt når det er brukt?
Kol
Kvifor bruker forfattarar verkemiddel når dei skriv? Nevn dei to tinga eg alltid seier er viktigast.
Gjere språket meir variert/levande.
Forsterke bodskapen.
Kva spesiell ting har me som tradisjon i min familie og gjere natt til julafta?
Alle 6 søv på golvet i kjellerstova og ser på film og tv saman.
Korleis laga Ivar Aasen eit nytt skriftspråk?
Han reiste rundt i Norge og samla inn språkprøvar på korleis folk snakka, og så laga han eit felles skriftspråk ut frå det.
Kva kjenneteiknar ofte moderne dikt, som vi i mindre grad finn i eldre, tradisjonelle dikt?
Moderne dikt er oftare utan rim og rytme.
Kor mange døgn er rekord for eit menneske å halde seg vaken utan søvn (dokumentert verdsrekord)? (+/- 1 døgn)
11 døgn