Kva kallar ein land som har svært mykje innverknad når det gjeld økonomi, teknologi og politikk i verda?
Supermakter
Kva militær samarbeidsavtale er Noreg ein del av?
NATO
Når starta den kalde krigen?
1945
Kva dato og årstal vart Noreg okkupert av tyskarane?
9. april 1940
Kva by blei delt i fire okkupasjonssoner etter andre verdskrigen
Berlin
Kvifor vart den kalde krigen omtalt som ein "kald" krig?
Den vart utkjempa utan at soldatar frå USA og Sovjetunionen slost direkte mot kvarandre. I staden støtta dei andre land i krigar. Aldri AKTIV krigføring.
Kva heiter organisasjonen som vart stifta i 1945, som hadde som formål å hindra nye storkrigar?
FN
Når slutta den kalde krigen?
1991
Mot slutten av 2. verdskrig vart to japanske byar bomba med atombomber. Kva heiter desse to byane?
Hiroshima & Nagasaki
Kva var USA sitt svar på Berlinblokaden?
Luftbru
I 1946 brukte den britiske statsministeren Winston Churchill eit nytt omgrep for å forklara at Europa hadde vorte delt i to. Kva for eit omgrep brukte han?
Jernteppe (Iron curtain)
Nemn to land (utanom USA) som var med i NATO under den kalde krigen
Belgia, Canada, Danmark, Frankrike, Island, Italia, Luxembourg, Nederland, Norge, Portugal, Storbritannia, Vest-Tyskland.
Når vart NATO stifta?
1949
Kva heitte båten som frakta norske jødar til Tyskland på veg mot konsentrasjonsleiren Auschwitz?
Donau
Kva slags politikk låg bak USA si støtte til Sør-Korea og fleire andre land i Asia etter 1945?
Trumandoktrinen
Kva kjenneteiknar eit kapitalistisk samfunn?
Eit kapitalistisk samfunn blir kjenneteikna av privat eigarskap til produksjonsmiddel, fri konkurranse og ein marknadsøkonomi der prisar blir bestemde av tilbod og etterspurnad. Profittmotivasjonen er sentral.
Kva for militære samarbeidsavtalar var/er USA og Sovjetunionen medlemmer i?
USA: NATO
Sovjetunionen: Warszawapakten
Når vart Warszawapakten stifta?
1955
Kor mange menneske døydde under 2. verdskrig?
70 000 000 - 85 000 000
Kva betydde det at våpenkappløpet mellom USA og Sovjet tok til rundt 1949?
At begge land prøvde å ha militær overlegenheit, særleg gjennom atomvåpen.
Kva er kommunismen?
Kommunismen er ein politisk ideologi der hovudmålet er eit klasselaust samfunn. Det betyr at alle skal ha like mykje pengar og like rettar. For at alle skal kunna bli like, meinte kommunistane at staten skulle eiga alt. Dette inkluderte pengar, eigedom og varer, som staten så skulle fordela likt på heile befolkninga
Nemn to land (utanom Sovjetunionen) som var ein del av Warszawapakten
Albania, Bulgaria, Polen, Romania, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Aust-Tyskland
Kva år vart Warszawapakten oppløyst?
1991
To atombomber vart sleppte over Japan under 2. verdskrig. Den eine atombomba heitte "Little Boy". Kva heitte den andre?
Fat Man
Korleis viste Koreakrigen at den kalde krigen ikkje berre var ein konflikt i Europa, men ein verdsomspennande maktkamp?
Stormaktene USA, Sovjet og Kina brukte Korea som ein slagmark for ideologisk kamp - kapitalisme mot kommunisme