Syntaks
Den andre skriveopplæringa
Den andre leseopplæringa
Norsk som andrespråk
Talemål og nabospråk
100

Setningsleddet skildrar subjektet i ei setning.

Kva er subjektspredikativ?

100

To former for vurdering.

Hva er formativ og summativ vurdering?

100

Lesing = avkoding x forståing x motivasjon

Kva er leseformelen?
100

Er enkle, variable, systematiske, utsett for tverrspråkleg påverknad og kreative.

Kva er mellomspråk?

100

Språka har lingvistisk slektskap og er gjensidig forståelege.

Kva er nabospråk?

200

Verbalet blir bøygd i presens, preteritum eller imperativ.

Kva er eit finitt verbal?

200

Å kunne lese, skrive, tolke og bruke tekstar på ein meiningsfull og kritisk måte som elev.

Kva er literacy-kompetanse?

200

Leseforståing er målet for lesinga, avkoding er berre middelet.

Kva er lesing i den andre leseopplæringa?

200

Det at finitt verbal alltid må kome som ledd nr. 2 i forteljande (vanlege) heilsetningar. Det treng ikkje vere ord nr. 2, men ledd nr. 2. 

Kva er V2-regelen?

200

Innanfor same geografiske område snakkar ein ulike variantar av same dialekt.

Kva er sosiolekt?

300

Setningsleddet beskriv handlinga eller haldninga talaren har til det som blir uttrykt.

Kva er setningsadverbial?

300

Alle typar meiningsberande teikn, f. eks. munnleg og skriftleg språk, bilde og lyd.

Kva er eit utvida tekstomgrep?

300
Utvinne og lage meining ved å gjennomsøke og samhandle med skriven tekst.

Kva er leseforståing?

300

Det eine språket/a blir snakka i heimen. Det andre språket blir snakka i kvardagen. Begge desse kan vere det same, men dei kan óg vere ulike. 

Kva er forskjellen på morsmål og førstespråk?

300

To kategoriar av tostava infinitivar med ulik ending.

Kva er kløyvd infinitiv?

400

Når du spør setninga kven/kva+verbal+kven/kva.

Kva er spørsmåla du stiller setningar for å avdekke det direkte objektet?

400

Eleven skal utvikle kompetansar og bli funksjonelle skrivarar.

Kva er den andre skriveopplæringa?
400

Faktorar som verkar inn på leseforståinga.

Kva er avkodingsferdigheiter, ordforråd, bakgrunnskunnskapar, kjennskap til lesestrategiar og motivasjon?

400

Subjektet kan ha to plasseringar; I starten av setninga (i forfeltet, før finitt verbal), eller rett etter finitt verbal (i n-feltet).

Kva er inversjon?

400

Ein bevisstheit om språkleg mangfald som stimulerer til barn si lese- og skriveopplæring.

Kva er metaspråkleg bevisstheit?

500

Eit "det" som ikkje peiker tilbake på noko.

Kva er formelt subjekt?

500

Ein som tar aktive og lure val i eigen skriveprosess.

Kva er ein strategisk skrivar?

500

Unge lesarar stiller spørsmål til teksten og vurderer om det dei les, samsvarer med det dei trudde dei visste.

Kva er å lese (reflektere) kritisk?

500

Ein modell som illustrerer korleis språkkunnskapar i fleire språk heng saman. Poenget med modellen er at det som er synleg, slikt som uttale og skrift, kan vere veldig ulikt frå språk til språk, medan det som ikkje er synleg, kallar vi "den felles underliggande språkkompetansen".

Kva er isfjell-modellen? 

500

Seks-og-halvfems, fem-og-firs, syv-og-halvfjerds, tre-og-tres, ni-og-halvtreds. 

Kva er 96, 85, 77, 63 og 59 på dansk teljemåte?