Kva er Hollywood-modellen?
Ein struktur som blir brukt for å bygge opp ei forteljing med tydeleg start, midtdel og slutt.
Kva er samanlikning?
Dette verkemiddelet blir brukt når ein samanliknar noko med noko anna ved hjelp av ord som “som” eller “liksom”
Kva er handling?
Sjølve “skjelettet” i ei forteljing – det som skjer, og som utviklar seg over eit visst tidsrom.
I denne filmen frå Disney/Pixar følger me ein liten fisk som leitar etter faren sin i havet.
Finding Nemo
Kva er språklege verkemiddel?
Dette er ein teknikk for å engasjere lesaren/publikum med eit mål å gjere teksten/filmen meir spennande, levande, eller uttrykksfull.
Kva er eit anslag?
Dette er ein fase i starten av Hollywood-modellen kor målet er å engasjere og "vekke" publikums interesse
Kva er ein metafor?
Ei samanlikning, men utan samanlikningsord. Det som blir sagt betyr ikkje det som bokstaveleg talt blir sagt, men i overført tydning
Kva er plott?
Heile situasjonen i ei forteljing med personar, prosjekt, miljø og handling. (Ofte vist i trailaren av ein film)
Film-serien handlar om ungdomar på ein skule med magiske krefter, og me møter ein elev med eit lyn på panna
Harry Potter?
Kva er kontrast?
Når to ting blir sett mot kvarandre for å framheve forskjellar. T.d. lys/mørke, eller rik/fattig.
Kva er eit vendepunkt?
Eit punktet kor hovudpersonen møter eit problem som set historia i gang
Kva er personifikasjon?
Forfattaren gir abstrakte ting menneskelege eigenskapar
Kva er spenningskurve?
Dette ordet skildrar korleis teksten utviklar seg frå byrjing til slutt, og korleis spenninga stig og fell.
Detta er ein superheltfilm med ein tenåring som får edderkopp-krefter
Spider-man
Kva heiter Fredrik til etternamn?
Denne mannen heiter Stavø til etternamn
Kva er opptrapping?
Dette skjer vanlegvis mot midtdelen av modellen kor konflikten utviklar seg og spenninga fortsett å auke
Kva er ironi?
Når forfattaren seier det motsette av det h*n eigentleg meinar. (ofte for å skape humor eller kritikk)
Kva er presentasjon?
I denne delen av forteljinga blir sentrale karakterar og viktige element introdusert.
I denne filmen møtar me ei jente med magiske krefter i form av is og snø
Frost
Nemn noko Scotland er kjend for?
Dette landet er kjend for nasjonaldrakta "kilt" (eit ofte rutete skjørt), sekkepiper og Loch Ness-monsteret
Kva er klimaks?
Den mest dramatiske delen av historia, ofte mot slutten, kor handlinga toppar seg.
Kva er overdriving?
Når forfattaren overdriv veldig for å få fram ei kjensle eller eit poeng.
Kva er gjentaking?
Er når noko blir gjentaken fleire gonger etter kvarandre i ein film eller forteljing for å skape rytme, understreke, eller forsterke noko
I denne klassiske Disney-filmen får ei snill jente hjelp av ein fe til å gå på ball, men må vere heime før midnatt.
Askepott
Kven var Prinsesse Diana?
Ho var kjend som "folkets prinsesse" og gifta seg med prins Charles i 1981.