Kva slags dyr handlar likninga i Lukas 15 om?
Ein sau
Kven sende Gud til jorda for å frelse menneska?
Jesus
Kva betyr det at mennesket er skapt i Guds bilete?
At vi er skapte av Gud og har ein spesiell verdi.
Kva betyr ordet misjon?
Å fortelje andre om Jesus.
Kva betyr uttrykket «YOLO»?
You Only Live Once.
Kor mange sauer hadde gjetaren før eit vart borte i forteljinga?
100
Kva døydde Jesus på for å ta bort synda vår?
Eit kors.
Kven ønskjer Gud skal bli frelste, ifølgje Bibelen?
Alle menneske.
Kven er det Jesus sender ut for å dele bodskapen om han?
Disiplane / dei som trur på han.
Kor mange utgangar seier Bibelen at livet etter døden har?
To – med Gud eller utan Gud.
Kva gjer gjetaren når han finn sauen att?
Han gleder seg og ber henne heim.
Kva heiter høgtida der vi feirar at Jesus stod opp frå dei døde?
Påske
Kva tok Jesus med seg opp på korset som skil oss frå Gud?
Synda vår.
Kva kallar vi oppdraget Jesus gav disiplane i Matteus 28?
Misjonsbefalinga.
Nemn éin måte Bibelen seier Gud kan vise seg for menneske på.
Gjennom naturen, samvitet, Bibelen eller andre menneske.
Kva kapittel i Lukasevangeliet finn vi likninga om den bortkomne sauen?
Lukas 15.
Kva vart Jesus ofte skulda for av dei religiøse leiarane?
Å vere saman med syndarar og utstøytte
Kva heiter staden Bibelen fortel om der det ikkje skal vere sorg, smerte eller død?
Himmelen.
Kva seier Jesus at vi skal gjere med alle folkeslag?
Gjere dei til disiplar.
Kvifor brukar Gud ofte menneske til å fortelje om seg sjølv?
Fordi menneske kan møte andre med kjærleik og vise kven Gud er.
Kva seier Jesus at det blir i himmelen når éin syndar vender om?
Glede i himmelen
Kva kallar Jesus seg sjølv i Johannes 10 når han snakkar om sauene?
Den gode gjetaren.
I kva bibelvers står det at Gud vil at alle menneske skal bli frelste?
1. Timoteus 2,4.
Kven lovar Jesus skal vere med og hjelpe når vi fortel om han?
Den heilage ande.
Kva er målet med Guds misjon?
At flest mogleg menneske skal bli kjende med Gud og få evig liv.