1
2
3
4
5
100

Ser ut som vanlege nyheitssaker, men det som står der, har enten aldri skjedd eller er svært villeiande framstilt.

Kva er falske nyheiter?

100

Hatefulle ytringar, trakassering, truslar eller svært ubehagelege meldingar i sosiale medium eller på eigne nettstader.

Kva er netthets?

100

Retten til å seie meininga si utan å bli straffa for det, og utan å bli utsett for truslar eller vald.

Kva er ytringsfridom?

100

Retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne opplysningar. I 2018 vedtok EU strenge reglar for korleis og kvifor bedrifter og organisasjonar kan samle inn og bruke slike data. Desse reglane gjeld også i Noreg.

Kva er personvern?

100

At påverknader utanfrå får ein person til å kjenne at eigen utsjånad ikkje er bra nok.

Kva er kroppspress?

200

Å akseptere sin eigen kropp og utsjånad, uavhengig av vekt, storleik og fasong.

Kva er kroppspositivisme?

200

Ein påstand om at det føregår ein hemmeleg samanslutning for å skade nokon, eller for å halde sanninga skjult for folk flest.



Kva er ein konspirasjonsteori?

300

All den informasjonen om oss sjølve som vi legg igjen når vi bruker appar og nettstader. Slik samlar dei store selskapa, blant anna TikTok, Google og Facebook, svært mykje kunnskap om oss.

Kva er brukardata?

400

Ulike typar organiserte handlingar for å skape sosial eller politisk forandring

Kva er aktivisme?

400

Ein serie automatiske operasjonar som styrer korleis ei oppgåve skal løysast.

Kva er ein algoritme?

400

At folk trekker seg unna nokon, og at dei sluttar å støtte eller like ein offentleg person. Det kan bli ført kampanjar som går ut på å fryse ut dei som har upopulære meiningar

Kva er boikottkultur/kanselleringskultur?

400

Plikta til å uttrykke seg på ein måte som ikkje skadar eller krenker andre. Plikta er moralsk, men blir også uttrykt i lovar og reglar.

Kva er ytringsansvar?