Naturfag
KRLE
Geografi
Jul+
Lett blanding
100

I følge energilova så kan ikkje energi...

forsvinne eller oppstå, den kan berre gå over i andre former.

100

Omlag kor mange tilhengarar har jødedommen på verdsbasis?

Omlag 14 millionar.

100

Kva land har flest innbyggjarar i Europa, om vi ikkje reknar med Russland og Tyrkia? 

Tyskland

100

Kva land blir rekna som opphavslandet til juletreet?

Tyskland

100

Kva for tre land skal arrangere fotball-VM neste sommar?

USA

Canada

Mexico

200

Kva er geotermisk energi og kva kan denne energien brukast til? 

Geotermisk energi er varmeenergi som hentast frå jordas indre og kan brukast til å varme opp hus eller andre anlegg. 

200

Kva er dei tre vegane i hinduismen? 

1. Handlingsvegen

2. Erkjenningsvegen

3. Kjærleiksvegen

200

Omlag kor mange gangar er India større enn Noreg i areal? (1+/- ,godtas som riktig svar)

India er omlag 8,5 gangar større enn Noreg i areal. 

Noreg: 385 178 km2

India: 3 287 259 km


200

Kva heiter den raude blomsten som ofte blir brukt som julepynt?

Julestjerne

200

Kva type bil har eg? 

Hyundai Ioniq

300

Kva er forskjellen på vêr og klima?

Vêr: 

Tilstanden i den nederste delen av luftlaget som omgir jordkloden, i eit bestemt område og på eit visst tidspunkt.

Klima: 

Klima er ei skildring av gjennomsnittsvêret på ein stad eller eit område. Klimaet fortel noko om vêrforholda over ein lengre periode.

300

Kva heiter lasteskipet som 532 jødar vart sendt med hausten 1942?

Donau

300

Kva er hovudstaden i Estland?

Tallin

300

Kva er god jul på spansk? 

Feliz Navidad

300

Kva heiter hovudpersonen i julefilmen "Home alone"/"Alene Hjemme"?

Kevin McCallister

400

Kva for ein gass er det mest av i atmosfæren? 

Nitrogen 

400

Kva heiter han som leidde den ikkje-valdelege motstanden for India mot dei engelske koloniherrane?

Mahatma Gandhi 

400

Kva for eit land har størst areal i Sør-Amerika? 

Brasil: 8 515 770 km2

400

Kor stor del av juletrea i norske heimar var av plast i 2018? (svar i prosent)

25%

400

Kven vant seks VM gull under VM i Trondheim vinteren 2025?

Johannes Klæbo

500

Kva er forskjellen på kjerneenergi i form av fusjon og fisjon? 

Fusjon: Energi blir frigjort gjennom at to "lette" atomkjerner slår seg saman til ein tyngre kjerne.


Fisjon: Energi blir frigjort gjennom at ein "tyngre" atomkjerne delast i to lettare kjerner.

500

Kva for ein religion er utgangspunktet for hinduismen? 

Religionen til det vediske folka. 
500

Ranger desse seks landa etter innbyggartal frå flest til færrast: India, Indonesia, Nigeria, Etiopia, Mexico, USA

1. India: 1 463 865 525

2. USA: 347 275 807

3. Indonesia: 285 721 236

4. Nigeria: 237 527 782

5. Etiopia: 135 472 051

6. Mexico: 131 946 900

500

Mora til Nure i "Jul i Svingen" er i verkelegheita mora til ein kjend fotballspelar som spelar på det norske landslaget. Kva heiter han?

Turid Gunnes er mora til Oscar Bobb som spelar på Manchester City.

500

Kva for eit dyr er dette? 

Ein røyskatt