Kva heiter hovudstaden i Spania?
Madrid
Kor mange spelarar er på bana for eitt lag i handball?
7 (6 utespelarar og 1 målvakt)
Kva ordklasse høyrer orda hund, tre, tanke og draum til?
Substantiv
Kva planet er nærmast sola?
Merkur
Kva heiter NRK-programmet der norske kjendisar syng gløymt bak masker, og som blir sendt på laurdagskvelden?
Maskorama
Kva heiter valutaen som blir brukt i dei fleste EU-land?
Euro
Kor mange brikker er det totalt på eit sjakkbrett når ein startar eit spel?
32
Kva ordklasse bøyer vi i grader som stor, større og størst?
Adjektiv
Kva heiter galaksen jorda ligg i?
Melkeveien
Kven spelar alle hovudrollene i NRK-serien Førstegangstjenesten?
Herman Flesvig
I kva land ligg Versailles-palasset?
Frankrike
Kva farge har ledartrøya i Tour de France?
Gul
Vi bøyer verb i tid. Kva kallar vi notid og fortid med norskfaglege ord?
Notid = presens
Fortid = preteritum
Kva planet er kjent som den raude planeten?
Mars
Kva norsk ungdomsserie har karakterar som Isak, Noora, Sana og William?
Skam
Kva tre fargar er det i flagget til Estland?
Blått, svart og kvitt
Kven vart verdsmeister i Formel 1 i 2024?
Max Verstappen
Kva ordklasse høyrer orda eg, du, han, ho, vi, dei og dykk til?
Pronomen
Kva heiter hunden som vart skutt opp i verdsrommet med satelitten "Sputnik 2" i 1957?
Laika
Kva heiter den norske dramaserien om unge vaksne som rånar rundt i Bø, og der hovudpersonen blir kalla GT?
Rådebank
Kva blir rekna som det høgste fjellet i Europa?
Elbrus
I kva land vart dei første moderne olympiske leikar haldne i 1896?
Hellas (Athen)
Kva ordklasse høyrer orda i kursiv til?
- Han syng vakkert.
- Ho hoppa høgt.
- Dei sprang fort.
Adverb
I kva år skjedde månelandinga?
1969
Kven var programleiar for "24-stjerners julekalender" på NRK?