I kva for rekkefølgje skal kjeldene stå i kjeldelista?
Alfabetisk sortert etter etternamnet til forfattarane
Kva heiter dei tre retoriske appellformene?
Etos, patos og logos
Kva er det første som bør stå i alle tekstane du skriv? Kan gjerne vere kreativ.
Overskrift
Når var den poetiske realismen?
ca. 1850-70
Når var den kritiske realismen?
1870-1890
Korleis markerer du eit sitat i teksten?
Hermeteikn rundt sitatet, forfattarens etternamn og årstal i parentes bak sitatet.
Kva er etos?
Ein appellform som handlar om å vise truverd.
Kva er rett skriveform, og kvifor?
"sommar ferie" eller "sommarferie"
"Sommerferie" fordi samansette ord skal skrivast i eitt ord på norsk
Kva for to litteraturhistoriske epokar var poetisk realisme ein overgang mellom?
Romantikken og den kritiske realismen
Kva er parafrase?
Å gjengi med eigne ord det som står i ei kjelde
Påtrengjande problem, retorisk publikum, rammer.
Kva tenkjer norsklæraren din om du startar analysen eller fagartikkelen din med "I denne teksten skal jeg..."
Ikkje bruk eg-form i analyse og fagartikkel!
Ver gjerne meir kreativ!
Kva heiter den kjente tendensromanen skrive av Camilla Collett?
Amtmandens døtre
Kva var skilnaden mellom naturalismen og kritiske realisme når det gjaldt kva for samfunnsgruppe dei skreiv om.
Naturalistane skreiv om dei fattigste, dei kritiske realistane helst om borgarskapet.
Kva må du gjere med eit sitat på bokmål viss du skal bruke det i ein tekst på nynorsk?
Skrive det rett av slik det står i kjelda. Du skal ikkje omsetje.
Teksten uttrykker seg på ein måte som bryt med normer for kva som er passande eller greitt.
Kva er feil i denne setninga: "Bjørnson skreiv fortellinga Faderen i 1860"?
Titlar på korte tekstar skal stå i hermeteikn: "Faderen"
Kva er ein tendensroman?
Ein roman som er skrive for å kritisere samfunnet
Kva hevda Georg Brandes var viktig for at litteratur skulle vere levande?
Litteraturen skulle sette problem under debatt.
Korleis markerer ein sitat på over 3 linjer.
Innrykk og mindre skriftstorleik
Kva for eit omgrep i retorikken kan omsetjast med "til rett tid"?
Kairos
Kva er feil i denne setninga: "Henrik Ibsen skreiv Peer Gynt i 1866-67"?
Tittel på større verk skal stå i kursiv:
Peer Gynt
Kva er skilnaden mellom å vere menneske og troll, ifølge Dovregubben i Peer Gynt?
Mennesket skal vere seg sjølv, troll skal vere seg sjølv nok.
Kva er den retrospektive metoden?
Hendingar og hemmelegheiter frå fortida blir avslørt gjennom det som skjer på scena i notida.