Kva er eit anna ord for addisjon?
Pluss
Kva ordklasse tilhøyrer desse orda: Gå, snakke, synge, fiske?
Verb
I kva verdensdel ligg Egypt?
Afrika
Kva landslag har Zlatan Ibrahimovic spelt fotball for?
Sverige
Kva kallar me gjerne snop i lausvekt der du kan plukke mange forskjellige typar, til dømes bringebærfiskar, festkaramell, krokodiller med meir?
Smågodt
Kor mykje er 9 x 8
72
kva for EITT ord kan du bruke for å fullføre desse to samansette orda. Dun.... og ....trekk
Dyne Dundyne og dynetrekk
Når var vikingtida?
793-1030 eller år 800-1050 eventuelt andre godkjende tal...
Kven vann 400 meter hekk finalen for herrer i friidretts-VM i London i 2017?
Karsten Warholm
Kan du eit norsk ord for chips?
Potetgull eller potetløv
Kva er dei tre minste primtala me har?
2, 3 og 5
Kva tre artiklar kan me setje framfor substantiv?
Ein, ei og eit
Kva heiter stoffet som gjer deg avhengig av tobakk (røyk og snus)?
Nikotin
Kva heiter sporten der du spring rundt i skogen og leitar etter postar (gjerne oransje og kvite "flagg")?
Orientering
Kva type snop kjem gjerne som svarte båtar?
Lakrisbåtar
Kva er 40 x 85?
3400
Kven har skrive bøkene om Oliver, Tiril og Åtto (Detektivbyrå nr. 2)?
Jørn Lier Horst
Kva heiter hovudstaden i Ungarn?
Budapest
Kva fotballspelar var den yngste til å debutere på det norske herrelandslaget i fotball i ein alder av 15 år (han er fød 17. desember 1998).
Martin Ødegaard
Kva snop vart oppfunne av indianarane i Amerikafor mange tusen år sidan?
Popkorn
Kva heiter svaret i eit divisjonsstykke?
Kvotient
Kva tid står verbet "gjekk" i?
Preteritum
Kven var den første europearen som oppdaga Amerika?
Leiv Eriksson
Ranger dei tre Ingebrigtsen-bødrene etter alder, frå eldst til yngst!
Henrik, Filip og Jakob.
Kva heiter den sveitsiske sjokoladen som har eit trekanta prisme som embalasje?
Toblerone